Du er her: Forside Georeg

Georeg


Du kan registrere deg på på alle turpostane våre med mobilen din. Last ned Georeg appen og registrer deg på www.georeg.no

Det er 2 utgaver av Georeg (men samme app): lite og pro. Georeg pro kostar 120 kr i året, medan lite er gratis. I begge utgavene kan ein registrere seg på postane og sjå resultata på web, men pro har fleire funksjonar som navigering og etterregistrering av postar. 
Som nyregistrert brukar får ein 30 dagers pro abonnement, etter dette går ein automatisk over til lite.

Om du ikkje vil at alle skal kunne sjå resultata dine på web, kan du registrere deg som anonymbrukar, slik at navnet ditt kun er synleg for lokal administrator.

Det vil framleis være bøker på postane, så du kan enten skrive deg i boka eller nytte Georeg.
NB! Ikkje skriv deg i boka om du nyttar Georeg, då vert det dobbeltregistrering!

Du kan berre gå 1 gang på posten i løpet av 5 timar, så går du fleire turar, må du skrive tur nr 2 i boka. Tell turane i boka for seg. 
På Veten, Midtbøfjellet og Piltevarden, har Dalsøyra idrettslag og Georeg-postar, så her vil ein få poeng hjå begge idrettslaga. 

Alle kan nytte Georeg, men du må være medlem i YGIL for å få premie.

Vi håpar mange kjem i gang med Georeg, dette vil gjere poengteljinga vår lettare og kvar enkelt får full oversikt over poenga sine!